[Firda] No ligg landets billigaste einebustad på 50.000 kroner. Huset ligg i nærleiken av Naustdal sentrum i Sogn og Fjordane.
Eigedommen seljast på tvangssal gjennom Fjordane tingrett og advokat Ole Rune Døskeland frå Fjordane advokatkontor er oppnemnt som medhjelpar for tvangssalet.
Han fortel at det er tomta som har verdi på denne eigedommen.
- Les også: Ikke redd for gjeld
– Bustaden er skadd og takstmann meiner det ikkje er verd å restaurere huset. Men alt er jo mogleg. Ifølgje taksten ligg verdien i tomta, seier Døskeland til Nettavisen NA24.
I annonsen står det at eigedommen er i dårleg forfatning og har vasskadar, ròteskadar, setningsskadar og retningsavvik.
Eigedommen har heller ikkje innlagt vatn eller avløp. Dei anslår derfor at bygningane på eigedommen ikkje har nokon verdi.
Tomta, som ifølgje Døskeland er sjølve verdien her, er på 487 kvadratmeter.
- Les også: Luksusvilla endelig solgt
– Generelt er prismarknaden rundt Naustdal bra. Det er stort sett gode prisar for attraktive objekt, seier Døskeland, som presiserar at prisen ikkje reflekterar marknaden i Naustdal.
Om det er nokon som ønsker å kjøpe eigedommen veit han ikkje sikkert enno.
– Vi la den ut i går og skal sette opp visning i mai, seier Døskeland.
Annonsen hadde etter 10 timer nesten 250 visingar.
Her kan du se flere bilder og lese mer om Norges billigste hus
Les mer om: artikkelemnene