(Siste)

[Firda] Etter orkanen i julehelga har huseigarar fått seg ein kraftig vekkjar over kva skadar ei velvaksen gran, furu eller bjørk i nabolaget kan utrette på hus, bilar og anna eigedom. Også gamle feidar om tre i naboens hage ser ut til å bli vekte til live.

Førde kommune har motteke minst to oppfordringar om å gripe inn mot hagetre. Det eine tilfellet er i Holten, som var eitt av bustadfelta som fekk merke kreftene til «Dagmar».

– Ekstremvêret har gjeve oss meir kunnskap om at mellom andre grantrea i Furelia må hoggast ned snarast, og gjerne nokre furutre også, skriv ein bebuar.

– Nye orkanar vil sannsynlegvis komme og då gjerne endå kraftigare. Trea er rett og slett livsfarlege, og slik kan vi ikkje ha det i eit bustadfelt, skriv mannen.

Han ser heller ikkje at grantre har noko i eit bustadfelt å gjere, og ber no om at kommunen kjem på synfaring og tek initiativ til å finne ei løysing.

– Kommunen kan ikkje la innbyggjarane leve i stadig frykt når nye stormar kjem, skriv han.

I Flata burettslag skapar eit stort tre bekymring for kva som kan skje etter orkanen i julehelga. Ifølgje eit skriv til kommunen frå styret har treet også tidlegare skapt konflikt mellom eigaren og burettslaget.

– I 2006 vart det inngått forlik i konfliktrådet. Treet har utvikla seg både i høgde og breidde, og med tanke på meir ekstremvêr og klimaforandringar ønskjer styret ei ny vurdering av farane dersom treet skulle brotne, skriv styret. (ANB)