(Firda)

FHI har trekt tilbake rådet om at husstandsmedlemmer til reisande frå land utanfrå Norden skal vere i heimekarantene. Det skriv VG.

– Regjeringa skjønte plutseleg kor vanskeleg det blir å halde bemanning i helstenesta når husstandsmedlemer til reisande også måtte i karantene, seier Furnes i ettermiddag.

Reglane frå FHI er no (fredag ettermiddag) følgjande:

Personar som har vore i land utanfor Norden skal vere i heimekarantene i fjorten dagar etter heimkomst.

Personar som har vore i nærkontakt med personar som er bekrefta smitta av korona skal vere i heimekarantene i fjorten dagar etter kontakten.

Kan gå i butikken

– Er ein i karantene betyr det at ein skal halde seg heime frå jobb, skule eller barnehage. Ein kan gå ut, om ein ønsker det, men ein må ivareta god handhygiene, og halde avstand til andre menneske. Det beste vil vere om ein kan få andre til å handle for seg, men må ein gå i butikken, kan ein det. Ein må berre tenke på det med handhygiene og å halde avstand til andre, seier Furnes.

Folkehelseinstituttets råd til personar i heimekarantene er (henta frå heimesida deira):

Du kan gå ut av eigen heim, men vi tilrår å unngå nær kontakt med andre. Det inneber å:

Ikkje gå på jobb eller skule.

Unngå reiser og ikkje ta offentleg transport.

Unngå andre stader der ein lett kjem nær andre.